House for sale in Ålesund, Møre og Romsdal

Rødsethagen

Rødsethagen
For Sale
Ålesund, NO
Rødsetkroken, Ålesund
0 m²
house
2026-04-19

Price

€653,283

Description

Rødsethagen bustadfelt er planlagt med flotte designbustader med ein heilheitleg designtankegang. Her er ledige tomter, og feltet er planlagt med to nærast identiske typar bustader der den eine har inngangsparti på baksida, og den andre med inngang i front. Dei arkitektteikna einebustadene er i funkisstil med integrert garasje, skjerma terrasse og privat hageareal. Bustadene er romslege og går over to etasjar, og har eit innvendig bruksareal på 162 m², og eit brutto bruksareal på 207 m². Delar av den store terrassen på ca. 28 m² vil få ei overbygd hagestove. Her er fire soverom, eventuelt tre om ein vil nytte det eine til kjellarstove. På soverom i 2. etasje er det walk-in-garderobe. Vi har ført opp ein bustad på tomt T1. Den er no er heilt ferdigstilt, og vert brukt til visningsbustad fram til den vert selt. Alle innvendige bilder i annonsen er frå denne bustaden. Om du ønsker å sjå inn, ta kontakt med Jan-Magnus Knudsen på tlf. 996 27 993 for å avtale visning. Plassering Rødsethagen bustadfelt ligg i eit idyllisk område med landleg ro, men likevel svært sentralt. Her har du flotte solforhold og kort veg til Spjelkavik sentrum og Moa kjøpesenter. Ønsker du å bu urbant, og likevel ha flotte turområder rett utanfor stuedøra er dette ein unik sjanse. Bustadfeltet ligg i tillegg nært barnehagar og skular i Spjelkavik, og nærområdet kan by på ei rekke fritidstilbod både innanfor organisert idrett og kulturliv. Standard Med unntak av visningsbustaden på tomt T1 vert bustadene i utgangspunktet levert klar for eigeninnsats med sparkling, maling, tapetsering, flislegging og legging av golv. Om ønskeleg kan bustaden leverast heilt eller delvis klar til innflytting gjennom våre samarbeidspartnarar. Kjøparane vil sjølv kunne bestemme flis, parkett, innvendige fargar, utførelse på trapp, kjøkkeninnreiing, baderomsinnreiing m.m. Fordelar ved kjøp av heilt ny bustad Alt er nytt, ikkje behov for oppussing Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming Lave kostnader til vedlikehald Moglegheit til å påverke utforming og innreiing Tidsriktig og praktisk bustad Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår Du slepp hektiske budrundar Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris God tid til å førebu flytting Lavere dokumentavgift (vert rekna av tomteverdi på ny bustad) Bygd etter ny teknisk forskrift (TEK 17) Diverse Tinglysing av skøyte kjem i tillegg med dokumentavgift på 2,5% av tomtepris + tinglysingsgebyr kr 500,-. Nøyaktig beløp for kvar tomt er oppgitt i feltet for "omkostninger". For meir informasjon ta kontakt med Jan-Magnus Knudsen, tlf. 996 27 993.

Need Broker Assistance?

Our experts are here to help you find the perfect property

Est. Monthly Payment

2,203.41

House for sale in Ålesund, Møre og Romsdal - N1428744