House for sale in Skodje, Møre og Romsdal

4-mannsb. Nihusbakken - Skodje

4-mannsb. Nihusbakken - Skodje
For Sale
Skodje, NO
Nihusbakken, Skodje
0 m²
house
2026-04-19

Price

Price upon request

-

Description

Det nye bustadfeltet Nihusbakken ligg i hjartet av Skodje med kort veg til sentrumsfunksjonane. Dette er ein av dei lunaste og mest solrike plassane på Skodje, og kan i tillegg by på ei fantastisk utsikt mot både fjord og fjell. Området ligg under fjellfoten der stien til Nihusen startar, og her er vi godt i gang med ei etterlengta utbygging der vi ønsker å skape eit godt bumiljø for alle. Dei to første 4-mannsbustadane (bygg 7 og bygg 11) er ferdige, og alle leilegheitene er selde. Dei tre neste 4-mannsbustadene, bygg 8, 9 og 10 har kome langt i byggeprosessen, og i bygg 10 har vi ei ferdigstilt leilegheit for salg. Dette er praktiske leilegheiter som inneheld stue/kjøkken, to soverom, entrè/gang, bod og bad/vaskerom. Sjå oversikt lengre nede som viser kva for leilegheiter som er ledige. Kvar leilegheit har ein parkeringsplass i carport, og separat sportsbod i carport. Nokre av leilegheitene i underetasjen har også ei ekstra utebod på nedsida av carporten. Leilegheitene har utgang frå stue til terrasse. Terrassane til leilegheitene i 1. etasje vert bygd med tredekke og rekkverk. Terrassedekket er tett, slik at leilegheitene i underetasjen får overbygg/tak over sin terrassedel. Delar av hage er eksklusivt areal for leilegheiter i underetasjen. Plassering Sentral plassering i det nye bustadfeltet Nihusbakken bak Skodje omsorgssenter. Gangavstand til sentrumsfasilitetar som butikkar, barnehage, barne- og ungdomsskule, idrettsanlegg, kulturhus, omsorgssenter, legekontor, treningssenter, busstopp m.m. Flott turterreng, skiløyper, golfbane m.m. i nærområdet. Skodje har eit flott fjordlandskap med gode vilkår for friluftsliv. Nihusbakken bustadfelt ligg svært landleg til, samtidig som det er sentralt og kort veg til det meste. Digerneset næringspark er berre nokre minutt unna med bil, og her er mange aktørar etablert, og stadig fleire kjem til. Køyretid til Moa 15 minutt, og til Ålesund sentrum 25 minutt. Beskriving av leveransen Leilegheitene vert levert klar til følgjande eigeninnsats: Sparkling/maling/tapetsering av gispveggar og evt. gipshimlingar Membran, flis og flislegging av våtrom Golv og golvlegging i tørre rom Leilegheitene kan leverast heilt eller delvis klar for innflytting mot avtalt tillegg. Ta kontakt for informasjon om prisar. Kjøpar vil sjølv kunne velje standard på veggar og golv, og om ønskjeleg velje anna kjøkken- og baderomsinnreiing frå Kvik enn den som er med i leveransen. Bygg 10 Leil. 1 u. etg. BRA 85,9m² 3 780 000,- (klar til innflytting) Leil. 2 u. etg. BRA 85,9m² SOLGT Leil. 3 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT Leil. 4 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT Bygg 9 Leil. 1 u. etg. BRA 85,9m² 3 480 000,- (klar til eigeninnsats) Leil. 2 u. etg. BRA 85,9m² 3 480 000,- (klar til eigeninnsats) Leil. 3 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT Leil. 4 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT Bygg 8 Leil. 1 u. etg. BRA 85,9m² 3 480 000,- (klar til eigeninnsats) Leil. 2 u. etg. BRA 85,9m² 3 480 000,- (klar til eigeninnsats) Leil. 3 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT Leil. 4 1. etg. BRA 88,1m² SOLGT Følgjande er med i standardleveransen: Kjøkkeninnreiing frå Kvik Baderomsinnreiing frå Kvik Varme i golv på bad og ytre del av entrè Skyvedørsgarderobe med dører i klart speil i entrè Garderobeskap på soverom Balansert ventilasjon frå Villavent Luftventilert pipe Rør i rør system Frostsikker utekrane Innerdører type Swedoor Unique Ytterdør type Hovdeby frå Bygg1 Platt ved inngangsparti støypt i betong Asfaltert veg og parkeringsareal Biloppstillingsplass og sportsbod i carport Fordelar ved kjøp av heilt ny leilegheit Det er mange fordelar med å kjøpe ny leilegheit kontra det å kjøpe brukt, og tenk på den gode følelsen av å flytte inn i ei splitter ny leilegheit som ingen har budd i før. Alt er nytt, ikkje behov for oppussing på mange år Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming Lave kostnader til vedlikehald Moglegheit til å påverke utforming og innreiing Tidsriktig og praktisk bustad Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår Du slepp hektiske budrundar Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris God tid til å førebu flytting Lave kjøpskostnadar, berre omkostningar til tinglysing av skøyte på kr 11 335,- kjem i tillegg Diverse Fiber vert lagt fram til bustadane, abonnement kan kjøpar bestille hos Tafjord Marked AS. Gebyr for tinglysing av skøyte kr 11 250,-. Elles ingen kjøpsomkostningar. Bustadane er bygd etter byggteknisk forskrift TEK 17. For meir informasjon ta kontakt med Jofrid Hatlehol, tlf. 970 12 140

Need Broker Assistance?

Our experts are here to help you find the perfect property

Est. Monthly Payment

0.00

House for sale in Skodje, Møre og Romsdal - N2986433