House for sale in Sandane, Vestland

Ryssdalshornet

Ryssdalshornet
For Sale
Sandane, NO
Søreidegrenda, Sandane
0 m²
house
2026-04-18

Price

Price upon request

-

Description

Oppdragsansvarlig Sogndal Eiendomsmegling AS / Jostein Mo Selger/Utbygger Leo4 eigedom as Betegnelse Gnr. 2 Bnr. 86 i Gloppen kommune Byggeår 2023 Beliggenhet For bustadvelgar gå inn på: https://soreidegrenda.no/ Søreidegrenda ligg i Gloppen Kommune rett ved sentrum med nydeleg utsikt over Gloppefjorden og med Gloppenelva som næraste nabo, der elva renn gjennom nabolaget. Området er i dag eit veletablert bustadområde i utkanten av Sandane sentrum. Bustadfeltet ligg i rolege og naturskjøne omgjevnader. Det er eit stille og roleg område med direkte tilkomst til skog, turvegar, fjord, fiskevatn og fjell. Like nedanfor bustadfeltet ligg Gloppefjorden med Fitjefjøra, Sandane Camping, sandstrand og symjebasseng. Det er kort veg til Sandane sentrum med alt det har å tilby. Daglegvare ca 2,5 km frå bustadfeltet, og liker ein å gå turar i fjellet er det mange fine turmoglegheiter med utgangspunkt frå Søreide. Området er ein barnevenleg og triveleg plass å bu enten ein er ung eller eldre, med eller utan barn. Det er kommunal fotballbane og tennisbanar i området til fri bruk, og det er etablert leikeplass og andre fellesområde av utbyggar Leo4 Eigedom. Sandane sentrum med skular, Trivselshagen med kultur, kino, idrett og badeland ligg kun få minutt vekke med bil eller sykkel frå Søreidegrenda. Skuleborn vert i dag transportert til og frå skulen med kommunal skulebuss. Det er sett i gang reguleringsarbeid for å etablere gang - og sykkelveg frå Søreidevegen til Åsavegen. Rett i nærleiken av Søreidegrenda ligg ein av kommunen sine største private barnehagar, men det ligg og kommunal barnehage i området. Sandane Lufthamn ligg ca 10 km frå sentrum med daglege avganger til og frå Oslo og Bergen. Byggemåte Bygg 12: Dette bygget er opprinneleg frå 1974, men ombygd og totalrenovert i 2021-2022 ihht TEK 17. Taktekking er ikkje skifta, antatt monteringsår ca 2001. Mindre del av ytterkledninga er frå byggjeår. Utbyggjars beskriving av byggjemåte; Fundamentert med ringmur av betong. Golv som påstøyp av betong over ca 5 cm Eps, radonsperre er montert mot betonggolvet og er montert under skilleveggen mot tilstøtande bustad. Ytterveggar som 10 cm isolert bindingsverk med 10 cm utvendig og 5 cm innvendig isolerte framforingar, ytterkledning av liggande dobbeltfalsa trekledning. Endeveggar mot aust som engelsk holmur med utvendig 10 cm isopor og fiberarmert måla puss og med innvendige isolerte framforingar. Brann- og lydisolert skillevegg mot tilstøtande leilegheit oppført som doble isolerte bindingsverksveggar med luftspalte mellom veggane, skilleveggane er montert mot grovstøypen. Pulttak og dels som flat takkonstruksjon som plassbygd takkonstruksjon med berande sperr og med ca 30 cm isolasjon. Alu. takrenner og nedløpsrør for pulttaket, elles med innvendige nedløpsrør. Trevindauge med 3-lags ruter. Uteboder i eige bygg oppført i 2021: Fundamentert med såle og golv på grunn av betong. Ytterveggar av 4" bindingsverk med kun utvendig ytterkledning med liggande dobbeltfalsa trekledning. Pulttak med berande taksperr, taktrod og taktekking med banepapp og med alu. takrenner og nedløpsrør. Skillevegg som bindingsverksvegg med trefiberplater kun på eine sida av veggen. Måla tett låsbar ytterdør. Det vert ikkje framlagt straum eller vatn til bod. Bygg 15: Bygg 15 er eit rekkehus beståande av 7 tilnærma like leilegheiter over 2 etasjar. Kvar leilegheit har bad, bod, kjøkken og stove i 1. etasje samt 3 soverom med bad i 2. etasje.Rekkehuset vert bygd som eit nybygg plassert på eksisterande fundament og botnplate til bygg 15 på Søreide skule. Eksisterande bygningsmasse over botnplate rivast. Eksisterande vatn og avløypsanlegg liggande i grunnen vert gjenbrukt så langt det er mogleg. Fundament vert forsterka dersom det skulle vere nødvendig. Det nye bygget utførast i hht TEK 10 som er gjeldande Teknisk forskrift. Over botnplata leggast golvisolasjon under det nye golvet. Veggar, tak og berende konstruksjonar leverast som prefabrikerte fagverkselement som vert monterte saman på plassen. Veggar består av utvendig trekledning med ståande stenderverk i tre, samt mellom liggande isolasjon.Etter at taket er tett og vindauge er monterte, startar vi med innvendig arbeid. All isolasjon utførast i hht TEK 10. Vindauge blir 3 lags isolasjonsglas og innover-slåande. Veggar og himlingar gipsast, malast og sparklast. Bad flisleggast i våtsoner. Overflater, generelt: - Himlingsbekledning; måla gipsplater, dels som skråhimling. Skråhimling er kun i bygg 12. - Veggbekledning; måla gipsplater. - Golvbekledning; 1-stavs lyslasert eikeparkett i bygg 12. I bygg 15 er det laminat. Golvflis i vindfang på begge bygg. - Bad/vaskerom med måla gipsplater som himling, veggflis og golvflis. - Downlights i stove/kjøkken, taklampe i andre rom. - Utandørs belysning og el.kontakt. - Balansert ventilasjon med varmegjenvinning og med ventilator på kjøkkenet. - Badet er utstyrt med veggmontert klosett, dusj m/ledda dusjveggar, heilstøypt kvit vask i kvit innreiing samt opplegg til vaskemaskin. - Vassrør av plast rør-i-rør system med rørskåp i gangen med utkast mot badet, stoppekran i rørskåpet samt med felles utvendig stoppekran i betongkum. - Det blir levert 100 eller 120 liter varmtvannsberedar. I bygg 12 er denne plassert i bad. I bygg 15 plasserast beredar enten i bad, bod eller under trapp. - Avløpsrør av plast. - Fordelingsskåp montert i gangen med automatsikringar og med skjult el.installasjon. - Seriekopla brannvarsling separat for leilegheita. Arealer og fordeling pr. etasje Primærrom: 70 kvm - 96 kvm Standard Velkommen til Søreidegrenda, eit spennande og veksande bustadfelt i Gloppen kommune! Leilegheitene er gjennomgåande lyse og lette med god standard og moderne fargar og materialval. Lys einstavs eikeparkett og/eller laminat på golv, bortsett frå bad og vindfang der det er lagt flis. Lyse, måla slette flater av gips i tak og vegger og med listefri overgang mellom vegg og tak. For stove/kjøkken og soverom er det og listefrie vindaugskarmer og dørkarmar. For bygg 12, Traudalsnibba, er det kjøkkeninnreiingar frå IKEA med integrerte kvitevarer som inkluderar oppvaskmaskin, 60 cm induksjonstopp, komfyr og kjøl - og fryseskåp. Badet har flis på både golv og vegg, vegghengt wc, vask i kvit skuffeinnreiing, overskåp med speglfronter og dusj med innfellbare dusjveggar. Leilegheitene i bygg 12 har golvvarme i alle rom bortsett frå soverom. For bygg 15, Ryssdalshornet, har leilegheitene kjøkken frå Epoq eller tilsvarande kvalitet samt kvitevarer. For leilegheitene i bygg 15 er det golvvarme kun i bad og vindfang, men det er installert vegghengte elektriske varmeomnar. Det er montert stålrørpiper frå tak til under himling i 2.etasje klargjort for tilkobling av eldstad. Felles for alle leilegheitene er romsleg sørvestvendt terrasse med utgang frå stove, der det vert oppført leveggar mot nabo som gir ein skjerma uteplass. Kvar leilegheit får utebod på 5 kvm. Leikeplass og fellesarealet som kan disponeres av alle eigare. Parkering på felles parkeringsplass. Utstyr - Sentralt - Parkering - Turmoglegheiter - Terrasse - Moderne - Barnevenleg Oppvarming Bygg 12 har varme i alle golv med unntak av soverom og bod. Bygg 15 har golvvarme i vindfang og bad samt vegghengte elektriske varmeomnar. I dette bygget er det også montert stålrørpiper frå tak til under himling i 2.etasje klargjort for tilkobling av eldstad. Balansert ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning for kvar leilegheit. Parkering / Garasje Parkering på umerka plasser på felles parkeringsplass. Adkomst På finn.no kan du sjå vedlagt kartskisse på høgre side i annonse. Ved å trykke på kartet får du enkelt tilgang til ein spesifisert reiserute frå din startdestinasjon til bustaden. Ved felles visninger vil det bli skiltet med PrivatMeglerens visningsskilt. Beskrivelse av tomt Det vert asfaltert gangveg til inngangspartiet, ellers vert området rundt terrasse og inngangsparti levert grovplanert klar for såing. Tinglyste rettigheter og forpliktelser Kommunen har legalpant som sikkerhet for betaling av kommunale avgifter. Legalpant er pant som følger av loven, og som ikke tinglyses. Legalpant følger derfor eiendommen ved salg. På eiendommen kan det være tinglyst erklæringer som f eks rett for kommunen til å vedlikeholde rørsystemer for vann- og kloakk. Disse erklæringene vil følge eiendommen ved salg. Kontakt megler for nærmere informasjon. Øvrige sameiere har panterett i seksjonen for krav mot sameieren som følge av sameieforholdet, jf. eierseksjonsloven § 31. Pantekravet kan ikke overstige 2G (Folketrygdens grunnbeløp). Sameiet kan vedtektsfeste ytterligere panterett for sameiet. Vedtektsfestet pant tinglyses i seksjonene. Servitutter / rettigheter Eiendommen overdras fri for pengeheftelser, med unntak av eventuelle erklæringer, avtaler, servitutter og panteheftelser som fremgår av salgsoppgaven og skal følge med eiendommen ved salg. Kjøpers bank vil få prioritet etter disse. Hefter/servitutter: - 1970/903496-1/56 Jordskifte 16.09.1970. Gnr. 2 bnr. 43, 44, 45 og 46. Gjeld denne registereininga med fleire. - 1977/772-1/56 Jordskifte 10.02.1977. Gjeld denne registereininga med fleire. Vedlagt erklæring datert 27.10.2022 tinglyst av Leo4 Eigedom AS. Vei / Vann / Avløp Offentleg vatn og avløp via privat felles stikkledning. Frå kommunal veg er det tilkomst via privat felles veg. Ferdigattest eller midl. brukstillatelse Det er selgers ansvar å ha midlertidig brukstillatelse på plass til overtagelse. Ferdigattest skal være på

Need Broker Assistance?

Our experts are here to help you find the perfect property

Est. Monthly Payment

0.00

House for sale in Sandane, Vestland - N337582