House for sale in Ørskog, Møre og Romsdal

Iden - Einebustader

Iden - Einebustader
For Sale
Ørskog, NO
Ørskog
0 m²
house
2026-04-18

Price

€543,576

Description

Velkommen til Iden på Sjøholt! Moderne einebustader i nordisk stil byr på rom for draumar og kvardagsmagi. For berre kr 15 680,- i månadlege bukostnader kan du nyte dagane i ein splitter ny og energivenleg einebustad *(sjå oppsett under). Bustadene har ein tiltalande fasade med store vindauge i stue og kjøkken, og ei takhøgde på stue/kjøkken på opptil 4 m som gir ein særdeles luftig og god romfølelse. Bustadene er planlagt med fire soverom, der eit av dei er i hybel. Her kan kjøpar velge om ein ønsker å leige ut hybel eller bruke denne delen som eigen del etter behov. Bustadene ligg på ei solrik tomt i eit roleg og etablert bustadområde. Frå soverom har ein eigen utgang for å nyte morgonsola, og terrassen har sol frå morgon til kveld. Elles inneheld bustadene to bad, to sportsboder, bod, open stue/kjøkken for hybel-del, entre og carport. Bustadene er innhaldsrike og har fokus på det praktiske. Dei passer perfekt for den unge familien som vil ha god plass å vekse i. Denne bustaden er godkjent av Husbanken. Kjøpar må tilfredsstille Husbanken sine krav for finansiering. Rentenivå pr. 31.03.24 er 4,46%. *Eksempel månadlege utgifter ved 5 million i lån i Husbanken: Månadlege avdrag og renter ved nedbetaling over 25 år med 4,46 % rente: kr 27 744 Skattefrådrag på rentekostnad pr. mnd.: - kr 4 060 Utleieinntekter pr. mnd.: - kr 8 000 Månadlege bukostnader inkl. avdrag: kr 15 680 Ta kontakt med Jan-Magnus Knudsen for en hyggeleg bustadprat. Plassering I det nye bustadfeltet Iden like ved den nye barne- og ungdomsskulen har vi for sal tre moderne einebustader med moglegheiter for utleie. Tomtene er svært solrike med kveldssol, og ligg usjenert til i eit allereie etablert og roleg bustadområde. Det er gangavstand til Sjøholt sentrum som har eit svært breitt og variert servicetilbod. Kulturhus, kafè, treningssenter, lege, tannlege, bank og fleire daglegvarebutikkar med meir. Her er også småbåthavn, populære badestrender og mange turstiar i nærområdet. Ørskogfjellet er berre 10 minutt unna, og byr på fjellturar for ein kvar smak, og med fantastiske skiforhold om vinteren. Sjøholt er ei naturperle, og sentrum ligg omkransa av spektakulære fjell og med ei mektig utsikt utover Storfjorden. Heile året byr området rundt Sjøholt på rekreasjon og opplevingar i storslått og variert natur. Standard/Leveranse Bustadene vert levert klar for eigeninnsats med sparkling, maling, tapetsering, flislegging og legging av golv. Kjøparane vil sjølv kunne bestemme flis, parkett, innvendige fargar, utførelse på trapp, kjøkkeninnreiing og baderomsinnreiing m.m. Ta kontakt for utfyllende informasjon. Fordelar ved kjøp av heilt ny bustad Alt er nytt, ikkje behov for oppussing Meir energieffektiv bustad, lave kostnader til oppvarming Lave kostnader til vedlikehald Moglegheit til å påverke utforming og innreiing Tidsriktig og praktisk bustad Eit sikrare kjøp, garantitid om feil oppstår Du slepp hektiske budrundar Du kan vurdere i fred og ro, og kjøpe til fast pris God tid til å førebu flytting Lavere dokumentavgift (vert rekna av tomteverdi på ny bustad) Bygd etter ny teknisk forskrift (TEK 17)

Need Broker Assistance?

Our experts are here to help you find the perfect property

Est. Monthly Payment

1,833.39

House for sale in Ørskog, Møre og Romsdal - N789386