House for sale in Florø, Vestland

Kinnvegen

Kinnvegen
For Sale
Florø, NO
Kinnvegen 55B, Florø
0 m²
house
2026-04-18

Price

Price upon request

-

Description

Kven ønsker vel ikkje å byggje nytt og ta sine egne val. No har du moglegheita! Byggetrinn III i Kinnvegen er salsklart. Byggjesteget består av 14 leilegheiter fordelt på 4 etasjar. 2 av leilegheitene er på heile 157 m2 + 2 store sørvestvendte balkongar på totalt 59 m2. Her er det planlagt 2 parkeringsplassar til kvar av leilegheitene i u.etg. Dei 12 andre leilegheitene er frå 62 - 73 m2. Alle har balkongar i ulike storleiker. 2 av desse leilegheitene har balkongar på 46 m2. Alle leilegheitene har moglegheit for 1 parkeringsplass i u.etg. Tilkomst til leilegheitene er via heis/trapp. Tomta er sørvendt og solrik, med Storåsen som nærmaste nabo. Her er det rikt utval av turstiar, også med lys. Soldalen besøksgard ligg like ved. På garden er det moglegheit for gode opplevingar for liten og stor. Det flotte friluftsområde og badestranda på Sørstrand ligg berre kort gangavstand unna. Det er barnehage i nærområde, og til sentrum er det ca. 1,5 km. Prosjektet er planlagt over 6 byggjesteg. Dette er tredje byggjesteg. Det er satt av store uteopphaldsareal i prosjektet. Desse vert opparbeidd med m.a. ballbinge med kunstgras og leikeplass. Ballbinga vert opparbeidd ved 3. byggjesteg. Innvendig er det romslege og funksjonelle løysingar med god standard. Det kan nemnast vassboren varme på kjøkken stove og gang. Varmekablar på bad. Er du tidleg ute kan du sjølv vere med å velje ut dei innvendige kvalitetane som skal omgje deg når du flyttar inn. Stadig fleire av oss ønskjer å bu enklere. Vi ønskjer å bruke mindre tid på maling, plenklipping og anna vedlikehald. Storåsen Sør ønskjer deg velkommen til eit enklere liv der du i tillegg bur tett på naturen. Det er fleire fordelar med å kjøpe nytt vi nemner blant anna: - Låg dokumentavgift.ein betalar 2,5% dokumentavgift for tomteverdien, ikkje av heile kjøpesummen. - Fast pris - ein unngår bodrundar noko som gir forutsigbar kjøpesum. - Låge straumutgifter grunna høg byggteknisk standard (Tek-17). - Du får vere med å sette ditt preg på di leilegheit i samråd med seljar. Tilpass leilegheita etter ditt behov - Du unngår uforutsette utgifter på din eigedom i lengre tid - Du kan nyte fritida utan og måtte tenke på vedlikehald - Du set sjølv første stiften/skrua i veggen Beliggenhet Tilkomst til bustadane anten via heis eller innvendig trapp og svalgang Garderobe-fasiliteter Kvite skap leverast på soverom i hht. teikning. Skåp med slagdører, høgde 2100mm og 1m skåpbredde pr integrert soveplass. Det vert ikkje levert skåp i gang/entrè. Generell orientering Bustadblokka er på 4 etasjer med totalt 14 leilegheiter. Det blir 5 ulike leiligheiter. 1. og 2. etasje vert like. 3.etasje og 4.etasje vert like. Garasje/parkering 1 parkeringsplass i garasjeanlegg pr leilegheit til kr 280.000. Det er satt av 2 parkeringsplassar til dei største leilegheitene, totalt kr 490.000,- pr leilegheit. Eit begrensa ekstra antall plassar vert lagt ut for sal etter "første mann til mølla" prinsippet. Det vert avsatt plassar til handicapparkering i parkeringsanlegget. Garasjeanlegget forutsettes å være kaldt. Utvendig gjesteparkering skal ikkje nyttast som fast parkeringsplass. Konstruksjon Leveransebeskriving Kinnveien byggetrinn III: Byggspesifikasjon Denne spesifikasjonen er utarbeidd for å orientere om bygget sine viktigaste delemne og funksjonar. Det kan førekomme avvik mellom byggspesifikasjonane og planteikningane. I slike tilfelle er det byggspesifikasjonane som er retningsgivande. Enkelte illustrasjonar i teikningsmaterialet kan vise forhold som ikkje er i samsvar med leveranse, som møblering, kjøkken/badeinredningar, fargeval, dør-og vindaugsform, bygningsmessige detaljar, fellesareal, materialval, blomsterkassar, beplantning, fargesetting etc. Vindaugsplassering i den enkelte leilegheit kan endrast som følgje av ma. den arkitektoniske utforminga av bygget. Det kan verte naudsynt med mindre innkassingar av tekniske installasjonar som ikkje går fram av planteikningane. Leilegheitene vil bli oppretta som sjølveigarleiligheiter. Prosjektet er byggjemeldt i samsvar med Plan og Bygningslova av 1985 med endring frå 2017. Konstruksjon Bygningane fundamenterast på undersprengt fjell/fylling. Gulv på grunn byggast med avretta armert betong på drenerande fukt-og varmeisolert underlag. Golv i parkeringskjellar asfalterast på drenerande masser. Bygningen vert utført med bærekonstruksjon i betong og stål. Etasjeskilje utførast i betong/ holdekke. Eventuelle ståldragarar/ stålsøyler for understøttelse av etasjeskillere. Skiljeveggar mellom bueiningar er i betong i henhold til forskrifter. Enkelte andre veggar har overflate i betong, til dømes mot trapperom og heissjakt. Røyrføringar vil bli skjult bak innkassingar og som heilt eller delvis nedfora platehimlingar, fortrinnsvis i entrè, bod, bad og over kjøkkenskap. Nemnde konstruksjonar vil bli overflatebehandla som ein del av overflata der konstruksjonen blir montert. Innkassingar er ikkje vist på prospektteikningar. Innflytting/overtaking Venta byggetid er ca 18 mnd etter oppstart av betongarbeid. Overtakingsmånad vil bli varsla kjøpar innan oppstart betongarbeid. Kjøpar aksepterar at endeleg overtakingsdato vil bli varsla kjøpar seinast 10 veker før overlevering. Kvar kjøpar vil innan 1 mnd etter overtaking få tildelt FDV-domumentasjon som syner material, produkt og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarlege for dei forskjellige arbeid og vedlikehald. Avfallshåndtering Det er eige avfallshus, som vist på teikning. På vestsiden av bygg nr. 5. Atterhald Alle opplysningar i denne spesifikasjonen er gitt med atterhald om rett til endringar som er hensiktsmessige og naudsynte, eller som følger av offentlige pålegg, utan at den generelle standarden vert forringa. Bustaden vert levert i byggreingjort stand. Kjøpar må pårekne utvask etter innflytting. Seljar leverer ikkje; innreiingar, lamper, andre lyskjelder/-utstyr, markiser/solavskjerming, tepper, møblar og anna tilhøyr, dersom dette ikkje går tydeleg fram av denne prosjektbeskrivinga. Det vert gjort merksamt på at 3D og 2D-teikningar er illustrasjonar og at både uteareal og innvendig areal berre er illustrert og ikkje på nokon måte dannar grunnlaget for avtalen eller er bindande for seljar. Data som dannar grunnlaget for avtalen er leveransebeskriving datert 13.11.2023. Balkonger/terrasser/uteplasser Bærekonstruksjonen leverast som tre, betong eller stål. Søyler og dragere av limtre. Trebjelkelag med terassebord eller betongheller på terassegolv. Balkongar er å sjå som utvendig konstruksjon, og mindre ansamlingar av vatn vil difor kunne oppstå på overflater og i renner etter regnver. Innvendige veggar vert levert som bindingsverk med varierande tjukkleik og med stenderar i tre eller stål. Veggane vert levert med kostemåla overflate og synlege fuger, og alle innerveggar er isolert. Standard farge i alle rom er kvit. Organisasjonsform Sameige Kinnvegen Sør Org. nr.: 827 256 862 Styreleiar: Kristine Nekkøy Forretningsførar: Solvens AS Prosjektet er planlagt med tilsaman 100 seksjonar, herav 99 bustadseksjonar og ei samleseksjon næring, fordelt på 6 bustadblokker. 27 seksjonar står ferdige. Dette er tredje byggesteg og er planlagt med 14 seksjoner. Eigarseksjonane vil tilhøyre sameige. Leilegheitene vert selde som sjølveigarleilegheiter og organisert som eigarseksjonssameige og følgjer lov om eigarseksjonar. Lova kan ein få ved å ta kontakt med meklar eller ved å gå inn på www.lovdata.no Sameiget vert leia av eit styre som veljast mellom eigarane. Dette styret skal ivareta alle saker som er av felles interesse for sameigarane. Seljar vil på vegne av sameiget engasjere ein forretningsfører til å stå for drifta av sameiget innanfor dei rammane som sameiget vedtek. Ved kjøp av leilegheit i dette prosjektet vert kjøpar deleigar i dette sameiget. Seljar vil syte for og dekkjer kostnadene ved reseksjonering. Kjøpar må samtykke i eventuell reseksjonering dersom det vert endringar i prosjektet. Kjøpar får skøyte på sin seksjon som inneheld eksklusiv bruks- og disposisjonsrett til eigen bustad. Kvar seksjon vil få ein sameigebrøk tilsvarande sitt areal i forhold til samla areal. Seljar tek atterhald om at reseksjoneringa vert godkjent av Kinn kommune. Kjøpar må godta samtykke til reseksjonering. Ingen kan direkte eller indirekte erverve meir enn to bustadseksjonar i eit bustadsameige jf. eigarseksjonslova § 23. Dersom det har funne stad eit erverv som er i strid med reglane i eigarseksjonslova kan Kartverket nekte overskøyting. Dersom overskøyting blir nekta, er kjøpar likevel forplikta til å gjennomføre handelen med seljar og oppgjer til seljar vil finne stad trass i manglande overskøyting. Sameige har legalpant for inntil 2G for dekking av ubetalte felleskostnader. Betalingsbetingelser 10 % ved underteikning av kontrakt 90 % ved overtaking Tomt Uteoppholdsarealer vert opparbeidd og sådd. Den delen av utearealet som vert på toppen av parkeringskjeller vert belagt med membran og beleggningsstein/betongheller, og plen (Isolasjon påstøp). Interne gang- og kjøreveier opparbeidast med grus/ asfalt. Områder avsatt til felles leikeareal opparbeidas med grus/gras. Det vert ballbinge med kunstgras. Terrengmurar utførast i naturstein eller betong. Der det krevast sikringsgjerder monterast det flettverksgjerde eller gjerder i tre. Det vert grusa 0,5m ut frå grunnmur/ringmur rundt kvart hus. Viser til situasjonsplan som syner utforming av terreng og beplantning. Utomhusplanen er meint å vere illustrativ og det kan

Need Broker Assistance?

Our experts are here to help you find the perfect property

Est. Monthly Payment

0.00

House for sale in Florø, Vestland - N793112